Skogen gøymer gamal skyttarhistorie på lesja

I skogen ovanfor Avdemsgardane på Lesja ligg ei gammal skytebane. Dei fleste har nok gløymt denne skytebana, som no er omkransa av skog. Spora er likevel godt synlege.

Tidlegare leiar i Lesja skyttarlag: Jens Tøndevoldshagen minnast liv og leven på den gamle skytebana ved Avdem. 

Truleg ovafor Hauje i 1926. Som blink har dei med seg ein orre og ein soldat. Dei 11 karane er ukjente, men storparten er nok lesjingar. 

Anny og Jens Tøndevoldshagen ved ein av dei mange murane. 

Ola Utgaard les i den gamle protokollen frå 1893. 

Frå standplassen ved Avdem i 1930-åra; Liggande frå venstre Johan Hole, Nils Henningstad, Bernt Brendjord og Pål Skotte. Ståande bak Knut Svello, Ole Hageløkken, Karl Holsbrekken, Endre Jørstad, Karl Gångstad, Hans Jordhøy og ein Aurtande. 

Nyheter

Nei, det er ikkje lett å sjå for seg skyting her lenger. Likevel, murane står, og dei er nokså imponerande.

Næraste nabo, Jens Tøndevoldshagen, var skyttar i ung alder og hugsar godt skyttarlags-livet her oppe. Jens Tøndevoldshagen hadde ein far som var ivrig jeger og skyttar, han Anton. Jens var ofte med far sin på skytetrening og konkurransar. Den gongen var det berre å gå frå heime, rett oppover. Det er framleis lett å kome fram hit, men det er ikkje merka.

Mykje liv og røre

Jens fortel at skytebana vart mykje brukt. Reglane var meir romslege den gongen, så Jens var berre så vidt blitt skulegut da han fekk børse av far sin. Det var stor stas å få vera med dei vaksne opp til skytebana.

Gammal historie

Ola Utgaard er Lesja skytterlags primus motor og har lese mykje skyttarhistorie. Det finst skriftlege kjelder som fortel om «Lesja og Dovre Skydeforening» allereie i 1862.

Ei stund låg laget nede før det vart reorganisert i 1893, og heitte frå da av Lesja skyttarlag. Den eldste protokollen går frå dette året og til 1913. I paragraf 2 står det: «Som medlem kan optages enhver hæderlig mand eller kvinde, der betaler til laget kr 1,00 i årspenge.»

Feltskyting ved Tussheim

I tillegg til ulike vedtak i samband med arbeidet for ny bane, og vedtak om innkjøp av utstyr som børser, ammunisjon og blinkar med meir., er det også oppført resultat etter dei ulike konkurransene med poeng og pengepremiar. Fyrste premieskyting var på Sandhaugen, rett nord for Lesja stasjon i dag.

Sidan står det om blant anna baneskyting ved Lyftingsmo og feltskyting heilt oppe på Holsberget ved Tussheim. Feltskyting er med ukjent avstand, og blinkar som ser ut som menneske eller dyr.

Ny, flott bane ved Avdem

Ola Utgaard kan fortelje at skytebana ved Avdem vart ferdigstilt i 1907. Det var mykje skyting før dette, men banene var ikkje ordentleg opparbeidde med standplass og kulefangarar, slik dei vart ved Avdem. Nybana vart kostande 626 kroner, i tillegg til telefon-kostnader på kr 150. Grunn vart ekspropriert og avtaler med grunneigarane underteikna. Planen om 1000-metershaldet vart skrinlagt på grunn av kostnadene.

Mange mur-restar

Når ein går her i dag, ser ein restar etter ei tuft og standplassen heilt i sør, medan ein skaut nordover. Det er mange plassar for blink og anvisningar, truleg fem. Desse vernemurane, som er 2-4 meter høge, var for folka som anviste og skifta blinkar.

Bak desse blei det bygd kulefangarar, der skota skulle lande. Stuttaste haldet var 100 meter, deretter kom på rekke og rad 200, 300 og 400-meter, medan det lengste var 600.

Ny skytebane etter krigen

Under krigen bygde tyskarane Auravegen til Dalsida, og her såg skyttarlaget for seg ei ny bane. Da freden kom, fekk ein lov å byrje skyttarlagsarbeid att, og allereie i juni 1945 var laget i gang med innsamling av pengar og organisering av dugnad . 100 og 300-meteren var klar i november, medan 600-meteren vart ferdig i 1946. Dessutan vart skyttarhuset ved Avdem flytta til det nye skytefeltet ovafor Bø.

Fleire skyttarlag

I Lesja er det heile tre skyttarlag: Lesja, Lora og Lesjaskog skyttarlag. Lora skyttarlag vart stifta i 1940, og leiar er Dag Mømb. Dei har om lag 80 medlemmar og leier ut bane til pistolklubben. Dei driv no skytetrening og oppskyting før jakta, men har elles ingen aktive skyttarar.

Populær skyting inne på Lesjaskog

Lesjaskog skyttarlag er også gammalt, stifta 17. mai 1881. På Lesjaskog blei skytebana nedlagt i 2017, etter at det blei teke prøve av drikkevatnet i grunnen her, og ein fann at kvaliteten var av Norges beste, fortel leiar Eirik Sæther.

Den nedlagte bana låg nord for Lesjaskog sentrum, mot Grønfossen, og var godt opparbeidd, med fin standplass og eige skyttarhus. No er det truleg vanskeleg å få opparbeidd ei ny bane til ein rimeleg pris, sidan støykrava har blitt så mykje strengare.

Lesjaskog skyttarlag har no all aktivitet innandørs, og driv miniatyrskyting på ei fin bane i kjellaren under samfunnshuset. Det er om lag 35 medlemmar i laget og mange er unge. Her blir det berre brukt luftgevær, så dette er noko for alle. Dei kan byrje å skyte frå dei greier å halde ei børse, i 5-6-årsalderen. Skyttarlaget har stort besøk på treningskveldane mellom haustferien og påska.