Reisebrev fra prisutdeling:

Long Term Service Award til Martin Berg

Den 8. januar 2019 fekk Martin Berg, Dombås, eit brev frå generalsekretær Miora Mandea i International Assosiation of Geomagnetism and Aeronomy (IAGA), om at han hadde vorte tildelt IAGA Long Term Service Medal for framifrå og særs nøyaktige geomagnetiske målingar ved observatoriet på Dombås, i meir enn 37 år.

Martin Berg mottek medalje og diplom frå president og generalsekretær i IAGA.  Foto: Harald Berg

Den stolte prisvinnaren viser fram medalje og diplom.  Foto: Harald Berg

Prisvinnaren takkar for prisen.  Foto: Harald Berg

Nyheter

Utdelinga skulle gå føre seg i løpet av den 27. International Union of Geodesy and Geophysics (IUGG) frå 8.-18. juli i Palais des Congres i Montreal, Canada.  Da var det berre ein ting å gjere: reise. Professor emeritus i fysikk ved universitetet i Tromsø Asgeir Brekke, sonen Rolf Morten og broren Harald var med på turen.

Den 10. juli reiste vi frå Gardermoen og 11 timar seinare var vi på hotellet i Montreal. Hotellet låg berre eit steinkast frå Kongresspalasset, så universitetet i Tromsø hadde lagt alt godt til rette for oss.

Dagen etter skulle vi gjere oss kjende, og Kongresspalasset var stort. Ei golvflate på fire fotballbaner seier vel sitt. Generalsekretær professor Mandea og president Petrovsky gav oss gode råd og tips om sjølve seremonien som skulle gå føre seg måndag formiddag og med festmiddag kvelden før. På seremonien vart det delt ut berre to prisar med medaljar, nemleg til Martin og ein kanadisk forskar som har forska på magnetisme på planeten Mars.

Observatoriet på Dombås er hundre år i år. Astronom Sigurd Einbu starta det og sonen Per overtok. Da han vart sjuk, overtok broren Knut og etter det har det vore Martin som har drive stasjonen. Det er fantastisk at 37 års nøyaktig og nitidig arbeid på eit observatorium på Dombås skal ha slik betydning at ein blir internasjonalt heidra med medalje og diplom på ein verdskongress med fleire tusen deltakarar! Når ein såg dimensjonane på palasset, og så mange delegatar frå heile verda, vert ein mållaus. For Universitetet i Tromsø, som er Martin sin arbeidsgjevar, var dette ein viktig pris og.

Vel attende i gamlelandet sit ein att med mange tankar om at det er dei små hjula som rullar og går på det jamne er det som driv det store maskineriet.