Malting av byggkorn ved Lorkvenne

«Korn» er temaet under årets Markens grøde, og kva kan vel høve betre her ved Lorkvenne, spurde leiar i Lesja historielag Oddvar Romundset. Mange møtte opp for å smake vassgraut, og sjå  klesstampa og den nye tørrstugua i bruk.
Nyheter

Her ved Lorkvenne stod det også før ei slik tørrstugu, der bøndene kunne få tørka kornet som var for fuktig til at det kunne malast. Den gamle tufta ser ein framleis godt mellom benkane i tunet, men tørrstugu er no plassert på ein meir høveleg stad, rett nedanfor stallen. Lorkvenne og historielaget fekk for to år sidan denne bygningen, ei tørrstugu som opprinneleg stod ved gardane Skarphol og Tordhol på Lora. Tørrstugu er no blitt flott restaurert, med oppbygd kleberomn i midten, og hyller  for kornet langs veggane.