Ein gard for folket

- Éin av grunnane til at eg ville bli sokneprest i Lesja, var prestegarden, sa Magnus Halle da han ynskte velkommen til ope hus på Hov. Eigedomen som har vore hans heim sidan april.
Nyheter

Sjølv om Halle denne gongen opna dørene i samband med Markens Grøde, håper han på besøk også andre dagar i året. Soknepresten sitt mål er nemleg å gjera prestegarden til folket sin gard. Ein stad som mange har eit forhold til, både som bustad og arbeidsplass.