Ein månad etter nyopning: - Eg hadde ikkje drøymt om at det skulle bli så mykje trafikk

Ein månad har gått sidan Anna Haugstad Avdem ved Avdemsbue i Lesja opna dørene til kafeen i det nye tilbygget.

Butikksjef ved Avdemsbue, Anna Avdem, har hatt ein hektisk månad etter nyopninga av "oste-kafeen". 

Nyheter

Det har gått i eitt nesten døgnet rundt for Avdem, som føler det er mykje lengre sidan enn berre ein månad sidan opningsdagen. Større kapasitet og mykje trafikk den siste månaden har hatt mykje å seie for butikken, som nå går ei rolegare tid i møte.