Damstuen blir ny regionsjef

Frode Damstuen er nyleg tilsett som dagleg leiar for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen.
Nyheter

- Etter å ha vore konstituert sidan 1. september 2017, er Frode Damstuen (60) nå tilsett i fast stilling som dagleg leiar for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal. Stillinga vart utlyst internt i regionkontoret. Det var ein søkjar til stillinga, opplyser regionrådsleiar Iselin Vistekleiven i ei pressemelding.

Damstuen takka ja til stillinga etter eit vedtak i arbeidsutvalet den 8. juli 2019.

Damstuen har sidan 1. desember 2007 vore tilsett i Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal. Fyrst som prosjektleiar, så næringsutviklar og dei to siste åra han han vore konstituert dagleg leiar.