No kan også vaksne søke skuleplass ved Hjerleid

Handversskulen på Hjerleid har enno ledige skuleplasser for vaksne til hausten, etter at dei unge søkarane har fått plass.
Nyheter

Skulen som er ein vidaregåande skule i tradisjonshandverk kan ta inn vaksne elevar frå heile land i tillegg til ungdom.

- No har dei unge fått plass, så no er det ledig plass for vaksne som allereie er ferdige med vidaregåande skule, seier rektor ved skulen, Helle Hundevadt, i ei pressemelding.

Det er ledig plass både på Vg2 Design og trearbeid og på Vg2 Byggteknikk, medan smedlina er full, med inntil 15 elevar i kvar klasse.

- Alle skuletilboda legg vekt på praktisk arbeid på verkstaden. Eit skuleår gjev ein solid "grunnmur" som ein kan bygge vidare på, med innføring i materialkunnskap og trening i å bruke tradisjonelle teknikkar og verktøy. Eit skuleår kan også gje nyttig etterutdanning for lærarar, eller påfyll for etterutvikling, seier rektoren.

Skulestart er 21. august, men det er mogleg å starte skulegangen i løpet av september.