Dombåsrussen med pengegåve til Dombåsbasen

Dombåsrussen 2019 har donert 7.300 kroner til Norsk Luftambulanse si base på Dombås.

Dombåsrussen 2018/2019 ga raus pengegåve til luftambulansen på Dombås. Frå venstre på bildet: Eric Rindstad (lege), Andrine Andersen, Ole Anders Listad (pilot), Ingvild Marie Andgard, Anna Emilie Engen, Angelika Kolakowska og Trond Vigerust (redningsmann).  Foto: Privat

Nyheter

Beløpet er overskotet frå sal av årets russeavis. Med på overrekkinga var Andrine Andersen, Ingvild Marie Andgard, Anna Emilie Engen og Angelika Kolakowska på vegne av russen.

- Vi gjev pengane til Luftambulansen fordi vi sett stor pris på ha ein slik teneste i vårt område, seier jentene, og takkar alle som har vore med å bidratt ved å kjøpe årets avis.

Det var eit entusiastisk vaktlag ved luftambulansens base på Dombås som tok imot russen, og ga dei også ei kort omvisning på basen.

Norsk Luftambulanse sine basar har blitt kraftig opprusta dei siste åra, og mannskapet på Dombås er særs fornøgde med eit nytt og moderne Airbus-helikopter. Helikopteret på Dombås kom med ein prislapp på intet mindre enn 40 millionar kroner, og kan fly herfrå til Lillehammer på berre ein drøy halvtime.

Pilot Ole Anders Linstad kunne fortelje at basen får mange pengegåver, noko dei sett stor pris på. Dei blir brukt til diverse prosjekt og utvikling for å auke sikkerheita og betre kvaliteten på tenestene.

Han kunne også fortelje at basen har om lag to oppdrag i døgnet, og at dei har mange langturer samanlikna med andre basar i landet. Frå Dombås går mange av turane til Lillehammer, men det siste året har det vore like mange oppdrag til andre sjukehus som Trondheim og Tynset, kunne Linstad opplyse om.