Forskarar vil sjå bilete frå Dovre

- Kva betyr Dovre for oss? Kva gjer og kva ser vi der? Det er forskarar nysgjerrige på, skriv nettsida forskning.no.
Nyheter

Som ein del av eit treårig prosjekt skal forskarar sjå nærmare på reiselivet i Innlandet. I prosjektet "Bærekraftige Opplevelser i Reiselivet" (BOR) ønskjer dei blant anna å vite meir om korleis vi bruker Dovrefjell, Dombås og området rundt, og ønskjer difor bilder frå området.

Dei oppfordrar både hytteeigarar, gjennomreisande og fastbuande til å delta ved å legge ut bilete på Instagram med emneknaggen #vårtdovre.

- Vi har kalt eksperimentet Vårt Dovre fordi vi ønskjer at folk vel nokre motiv som dei ønskjer å dele med andre. Difor har vi kalt det Vårt Dovre i staden for Mitt Dovre, seier forskar ved høgskulen i Innlandet, Monica Breiby til forskning.no.

- Det vi ser er at i sosiale medie så brukes bilete veldig mykje både på Facebook og på Instagram, og mange gonger så kan eit bilde seie meir enn ord, det kan kommunisere på ein betre måte, svarar Breiby på spørsmål om kva foto kan bidra med til forskning.

Forskninga har ikkje satt noko reglar for kva slags foto dei ser etter. Bileta kan vere frå fjellet, frå bygda rundt, frå kvardagen eller noko anna. Ein kan også legge til foto som er teke i ei anna årstid enn no.

Norsk institutt for naturforskning (NINA) deltek også i prosjektet. I sommar har dei lagt ut spørreskjema i svarkasser langs sentrale turstier i Dovre som også vil bli ei kjelde til informasjon.

Prosjektet varar fram til desember, og alle som deltek er med i trekning av ei gåvepakke.