Sommarens siste «Dovrelæven»

Førstkommande laurdag er siste sjanse til å få med seg årets «Dovrelæven».

publikumsmagnet: «Dovrelæven» har hatt stor suksess tidlegare i sommar med mange besøkande. foto: arkiv 

Nyheter

Festivalen som har hatt to arrangement tidlegare i sommar avsluttast til helga med marknadsdag i Minneparken på Dombås.

– Der har vi om lag 20 utstillarar som har meldt seg på, seier Audun Groven i arrangør-gruppa «SJOGG Event».

Med kommuneval rett rundt hjørnet skal også politiske parti i kommunen delta med stand på marknadsdagen, og arrangørane ønskjer å utfordre ordførarkandidatar til ei uformell konkurranse på scena.

Utpå dagen skal også Gausdal-bandet «Get Rhythm» innta scena saman med Martine Haugen frå Dombås. Meir musikk blir det også frå Dovrefjell Disharmoniske Selskab, toraderklubben «På 2. rad» og meir.