Vil etablere tilsynsbu i Vesllie:

– Ein omfattande og komplisert sak

Jora beitelag søkte i fjor haust om å etablere tilsynsbu i dei omtalte setrene i Vesllie på Dovre-fjell. Dovre fjellstyre meiner ei slik bu burde høyre til fjellstyret.

vil ha tilsynsbu: Jora Beitelag ønskjer enno å etablere tilsyns- og sankebu i Vesllie på Dovrefjell. Dovre fjellstyre har nyleg søkt om å overta eit av husa til dette formålet. 

Nyheter

Det var først i fjor haust at beitelaget beståande av gardbrukarar i både Lesja og Dovre søkte om å få etablere ei slik bu på fjellet. Bakgrunnen for søknaden var at vegen inn til setrene, der beitelaget har drive sommarbeite, skal fjernast som ein del av naturrestaureringsprosjektet Hjerkinn PRO, som blir utført av Forsvarsbygg.