Senterpartiet med reint fleirtal i skulevalet

Eit parti trumfar over alle andre ved dei tre videregåande skulane i Nord-Gudbrandsdalen.

Senterpartiet fekk reint fleirtal ved skulevalet på Dombås.  Foto: arkiv

Nyheter

Senterpartiet fekk reint fleirtal ved både Dombås og Lom si avdeling, og fekk også flest stemmar ved skulevalet på Otta. På Dombås gjekk 54,5 prosent av stemmane til partiet, 54,1 prosent i Lom, og 32,5 prosent ved Otta.

Arbeidarpartiet (Ap) kjem på ein klar andreplass både på Dombås og Otta, med høvesvis 21,2 og 26,8 prosent av stemmane. I Lom delar Høyre og Sosisalistisk Venstreparti (SV) på andreplassen med 10,8 stemmar kvar. Her fekk Ap 9,5 prosent av stemmane.

I fylket Innlandet fekk Ap flest stemmar med 28,3 prosent, medan Senterpartiet kom inn på ein andreplass med 17,9 prosent av til saman 10 023 stemmar.


Desse skal stemme for første gong

Vigga har intervjua seks ungdommar ved VG3 på Dombås om det kommande kommunevalet.


Deltakarar
Av dei 40 elevane på Dombås stemte 34 av dei. Rødt, SV, Miljøpartiet De Grønne (MDG) og Liberalistene fekk ei stemme kvar, og Høyre kom på tredjeplass med 4 stemmar. Av dei 34 stemmane vart ei forkasta, og ein stemte blankt.

81 av 90 elevar stemte ved Lom si avdeling, og 254 av 354 elevar ved avdeling Otta.


Auke for Senterpartiet
Ved Stortingsvalet i 2017 fekk både Senterpartiet og Arbeiderpartiet 33,8 prosent av stemmane på Dombås. Det betyr altså eit auke for Senterpartiet og nedgang for Arbeiderpartiet frå Stortingsval til Fylkestingsval.

I Lom auka Senterpartiet frå 49,5 til 54,1 prosent frå 2017. Ved avdeling Otta har Senterpartiet auka frå 23,2 prosent til 32,5 prosent, medan Arbeiderpartiet har gått ned frå 38,7 til 26,8 prosent frå 2017.

Sjå heile statistikken her.