Digihjelpen i Lesja søker frivillige

Digihjelpen i Lesja går hausten i møte med fleire nye kurs, men leiter også etter frivillige som vil halde kursa.

digihjelpen: IT-konsulent i Lesja kommune, Vigdis Nedregård (t.v.), og bibliotekleiar Ann Kristin Leirmo, har gjennom våren og sommaren haldt kurs i digital opplæring. Nå går dei haustsesongen i møte, men ønskjer frivillige. 

Nyheter

Lesja kommune fekk for 2019 eit tilskot på 100 000 kroner frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) for å opprette eit digitalt rettleiingstilbod for innbyggarar med lav digital kompetanse.

Ser etter frivillige

IT-konsulent i Lesja kommune, Vigdis Nedregård, har saman med biblioteka i Lesja sett i gang kursa, som starta opp i vår takka vere tilskotet frå KMD. Prosjektet er eit prøveprosjekt som avsluttast ved årsskiftet, og dei ser difor etter frivillige som kan gjere det til ei permanent løysning framover.

– Vi inviterer lag og foreiningar til samarbeid om å halde kursa. Etter første møte i vår fekk vi mange innspel, men ingen meldte seg på som frivillige eller samarbeidspartar. Vi prøver derfor med ei ny runde, seier Nedregård.

I mange kommunar er det nemleg frivilligheitssentralar, servicetorg eller bibliotek som tek på seg denne oppgåva. Lesja har per i dag ikkje ei slik ordning, så kommunen og biblioteka ønskjer samarbeid med frivillige.

– Vi er også i dialog med Seniornett, som har eit mål om å etablere ei lokal gruppe her i Lesja, fortel Nedregård.

Seniornett er ein teneste som tilbyr digital opplæring blant eldre, og dei skal også halde haustens fyrste Digihjelpen-kurs i Lesja førstkommande tysdag, den 24. september.

– Det blir eit fire-timars kurs på kommunehuset. Vi oppfordrar også folk som tenker å kunne bidra til å ta turen dit for å sjå korleis det går føre seg, seier Nedregård, som viser til kommunens heimeside for ytterlegare informasjon.

Ikkje berre for eldre

Kursa starta i april tidlegare i år, og er eit gratis lågterskeltilbod som finn sted på biblioteka på Lesja og Lesjaskog.

– Vi har vore gjennom fire kurs kor det har vore mellom fem og ti deltakarar så langt, og dei har stort sett vore «godt vaksne». Kursa er derimot ikkje retta berre mot pensjonistar, men alle med behov for større grunnkompetanse på både mobil, nettbrett og datamaskin. Det vere seg arbeidsledige, folk med ulike funksjonsnedsettingar, førstegenerasjonsinnvandrarar, samt vaksne med behov for rettleiing i bruk av digitale tenester for å delta i arbeidslivet og yngre brukarar som ikkje har erfaring med bruk av kommunale eller statlege digitale tenester, fortel Nedregård.

Kursa legg også til rette for ulikt kompetansenivå, og går heilt grunnleggande til verks. I løpet av hausten skal deg blant anna gjennom biletbehandling, nettbrett, nettsurf, og tryggleik på internettet, før dei avsluttar med repetisjon.

– Vi legg også til rette for at folk kan svippe innom dagen etterpå om dei treng hjelp med konkrete problem som dei slit med, seier Nedregård.

Kursa tek i størst grad for seg kommunale og statlege tenester, og ikkje i så stor grad fritidsbruk som sosiale media.

– Verda blir stadig meir digitalisert, og fleire tenester blir flytta over på nett. Mange slit derfor med relativt enkle ting som å fornye førarkortet eller bestille togbillett, som vi hjelp dei med, fortel Nedregård.

Tilskotet på 100 000 kroner frå KMD har dei blant anna brukt på teknisk tilrettelegging, annonser og brosjyrar, og ser også for seg å kunne gje eit tilskot til lokale lag og foreiningar som ønskjer å delta, for å gjere det meir attraktivt.

Nye digitale kioskar

Noko av midlane har også blitt brukt til å utvikle nye digitale kioskterminaler som blir plassert på kvart av biblioteka i kommunen. Der vil ein blant anna kunne søke i biblioteket sine digitale tenester og bruke andre kommunale og offentlege tenester, samt friske opp sin digitale kompetanse med ulike kurs innan Digihjelpen.