Opnar «Tussheimbue» med tradisjonelt motbakkeløp

Laurdag den 28. september går motbakkeløpet "Tussheim Upp" av stabelen i Lesja, samtidig som det blir offisiell opning av den nye dagsturhytta "Tussheimbue".

Velkommen til opning: Denne gjengen gleder seg til å syne fram den nye dagsturhytta. F.v.: Ane Marte Hammerø i Levande Lesja/Nordveggen, Tore Utgaard i Lesja IL og Lesja Byggservice, og Kari Anette Austvik i Lesja kommune, her på tur opp mot Tussheim. 

Nyheter

- Vi håpar på ei folkevandring opp til Tussheim, seier Ane Marte Hammerø i Levande Lesja, som har vore ein pådrivar av utbyggingsprosjektet oppe på fjelltoppen.

Tradisjonelt motbakkeløp
Tussheim Upp går av stabelen for ellevte gang, og idrettslaget i Lesja satsar på godt oppmøte under det populære motbakkeløpet når det blir lagt ved opning av det nye bygget.

- Vi satsar på 200 deltakarar. Vanlegvis ligg det på 70 til 90, seier Tore Utgaard i Lesja IL og Lesja Byggservice, som står for utbygginga av dagsturhytta.

Løpet startar nede i Lesja sentrum som vanleg, med Tussheim som mål. Løpet går som vanleg, men ekstra stas blir det når ein samstundes skal opne Tussheimbue.

- Det ryktes om at Tora Berger kjem for å ta løyperekorden, seier Utgaard.

Opnar dagsturhytte
Den nye dagsturhytta og utsiktspunktet som har fått det passande namnet Tussheimbue skal stå ferdig til opninga under Tussheim Upp, kor det også vil vere ein seremoni.

- Ordføraren i Lesja, Mariann Skotte, og fylkesvaraordføraren i Innlandet, Aud Hove, skal stå for sjølve opninga. Da blir det servert kake og premiering av motbakkeløpet på toppen. Kaffe ber vi folk ta med sjølv. Vi satsar på bra vêr, men i verste fall legg vi opninga og premieutdeling av motbakkeløpet til Lesja sentrum, seier Hammerø.

Hytta står derimot ikkje ferdig, men tek form. Mykje skal skje fram mot opningsdagen, men alt legg til rette for at det skal stå klart til da.

- Det står igjen noko dugnadsarbeid, blant anna rydding av einer og oppsetting av skilt oppover stien, seier Kari Anette Austvik i Lesja kommune.

- Hytta er oppe og har tett tak, men manglar vindauge. Materiale blir frakta opp med helikopter, som vil vere her fram til onsdag, seier Utgaard fredag morgon, ei veke før opning.

Same dag blir det også opning av eit anna byggeprosjekt i Lesja, ved forretninga Steg for Steg. Det blir lagt til rette slik at folk kan få med seg begge opningsarrangementa i Lesja denne dagen.

Snart i mål
Dagsturhytta står snart ferdig kort tid etter at prosjektet vart kjent, og arbeidsprosessen har ifølgje prosjektgruppa gått på skinner.

- Dette er eit resultat av stor samarbeids- og innsatsvilje. Vi vil gje ein stor takk til alle som har vore med å bidratt, og dei vil også bli gjort stas på, seier Hammerø.

Dei gleder seg til å syne fram den nye dagsturhytta, og meiner det er grunn til feiring.

- Nå har vi nettopp feira Kronprinsparet som kom på besøk, men det er ingen grunn til å rydde vekk flagga enno, meiner Austvik.

I tillegg til "spektakulær utsikt" frå hytta, blir byggverket også synleg frå vegen nede i bygda, også om kvelden når den blir lyst opp.

Håpar på positiv effekt
Turen frå Lesja sentrum og opp til Tussheim er på om lag 3,4 kilometer og kan gjennomførast på alt frå ein halvtime til to timar, avhengig av tempo, men er egna for dei fleste.

- Med den nye hytta kan folk søke ly, og nyte plassen lenger. På toppen kan ein slappe av og kose seg. Vi håpar at mange i Lesja vil ta turen opp, og også syne den fram til besøkande. Det er ein populær tursti, og vi har møtt folk frå Sveits på tur opp, og også folk frå Ålesund som har høyrd om prosjektet og kom hit for å sjå, seier Austvik.

- Det har vore ein stor vilje til å bistå i prosjektet blant folk. Eg trur det er positivt for bygda å nå synlege mål, og få noko som blir ståande. Dette vil gje Lesja fleire attraksjonar og meir å finne på, seier Hammerø.