150 samla seg mot nedlegging av skulen

Onsdag kveld sto om lag 150 personar utanfor Dovre skule med eit klart å tydeleg bodskap: Ikkje legg ned skulen vår.

Elevane ved Dovre skule var harde i sitt bodskap mot nedlegging av skulen sin. Mange andre hadde også teke turen for å vise sitt engasjement. 

Nyheter

Fire Dovre-mødrer sto for mobiliseringa av arrangementet, beståande av Monica Helle, Grete Uren Sveen, Anne Mette Blankenborg og Randi Husom. Alle med ungar som går på Dovre skule, eller som dei håpar ein dag vil gå der.