Torgeir og Uni starta nyleg opp gardsdrifta på Lora - Satsar på beitebasert eggproduksjon

Ved Sørpågarden Leirmo på Lora har Torgeir Leirmo og Uni Hong starta opp drift, der dei fokuserer på beitebasert eggproduksjon.

Ved Sørpågarden Leirmo på Lora har ekteparet Torgeir Leirmo og Uni Hong slått seg ned for å drive enkel og kostnads-effektiv gardsdrift. Dei ønskjer å gjere beitebasert eggproduksjon til sitt levebrød, og er i stor grad sjølvforsynte med mat frå eigen hage. 

Nyheter

Ekteparet flytta til garden, som også er barndomsheimen til Torgeir i fjor vår. Dei er enno i oppstartsfasa, men målet er å kunne leve av gardsdrifta. Hovudfokuset deira er på beitebasert eggproduksjon frå høns, som dei på sikt ønskjer å kunne leve av.