TV-aksjonen 2019:

Vil skape eit betre liv for kvinner i sårbare område

NRKs årlege TV-aksjon går nok ein gong av stabelen den 20. oktober, men er allereie godt i gang med å marknadsføre seg.

Klar for Tv-aksjon: Marit Tordhol er koordinator for TV-aksjonen i Lesja, som i år går til CARE sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. 

Nyheter

Inntektene frå årets aksjon går til organisasjonen CARE, og deira arbeid med å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. TV-aksjonen skal gje kvinner moglegheit til å tjene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrd.

Likt konsept

Den 20. oktober er sjølve aksjonsdagen, og ein kan da vente bøssebærarar på døra i det ganske land.

– I Dovre er det same opplegg som før, og det er 9. trinn ved ungdomsskulen med foreldre som tek på seg rolla som bøssebærar, seier koordinator for TV-aksjonen i Dovre, Kristin Myhren Randen.

Det er til saman 28 elevar ved trinner, og 34 roder i kommunen, så det er noko til overs dersom ein ønskjer å melde seg som frivillig bøssebærar.

I tillegg er Norske Kvinners Sanitetsforening innblanda i årets aksjon, og vil bidra på sin måte for å tene inn penger til aksjonen lokalt.

– I Lesja har vi litt same opplegg som i fjor, og i likskap med Dovre er det 9. trinn som utfører dugnad med bøsser, seier koordinator i Lesja kommune, Marit Tordhol.

Som leiar av Oppland Bygdekvinnelag har ho også engasjert dei lokale bygdekvinnelaga til å bidra, anten gjennom ulike arrangement eller som bøssebærar.

– Det er 24 elevar i 9. klasse i år, og mange roder, så vi treng fleire bøssebærarar, og kven som helst kan melde seg på, seier Tordhol.

Rektor ved Lesjaskog skule, Nina Anseth Furueheim, kan også bekrefte at dei vil gjere det same som i fjor, og arrangerar loppemarknad og kafé på fredagen før sjølve aksjonsdagen til inntekt for TV-aksjonen.

Radioauksjon

Gudbrandsdalsradioen samarbeider også med kommunene i Gudbrandsdalen om TV-aksjonen, og vil arrangere radioauksjon. Dei har som mål å samle inn gjenstander som kan auksjonerast bort, og dersom ein har noko ein vil donere til auksjonen, anten ein er privat eller ei bedrift, kan ein ta kontakt med koordinator i sin heimkommune.

Om CARE

I år går altså inntektene frå TV-aksjonen til CAREs arbeid for kvinners rettigheiter i sårbare land. Gjennom deira arbeid vil 400 000 kvinner få moglegheit til å tene sine eigne penger, bestemme over eigen kropp og bli høyrd.

CARE er ein politisk og religiøst nøytral hjelpeorganisasjon som jobbar for å redde liv, bekjempe fattigdom og oppnå sosial rettferdigheit.

– Vi jobbar med dei underliggande årsakane til fattigdom, og da må vi investere i dei aller fattigaste, og dei er som oftast kvinner, skriv organisasjonen i aksjonsprogrammet.

CARE vart først starta som eit samarbeid mellom 22 amerikanske organisasjonar som ønsket å hjelpe Europa etter andre verdskrig. Mange familier i Norge fekk CARE-pakke gjennom denne ordninga, beståande av nødvendige varer, også her i Gudbrandsdalen.

Tordhol er difor interessert i å oppsøke nokon som har ei slik pakke liggande frå krigen, ikkje nødvendigvis for å overta, men berre for å kunne få fotografere objektet i forbindelse med TV-aksjonen.

I dag er CARE ein global bistandsorganisasjon som jobbar i 95 land. CARE Norge vart etablert i 1980, og jobbar i dag i 13 land. For nesten 30 år sidan utvikla dei spare- og lånegrupper som nå brukast av organisasjoner i heile verda. Gruppene gjev fattige mennesker moglegheita til å endre livet sitt og samfunnet dei bur i gjennom eigen innsats.