Markerte jubileum med ny utstilling

Torsdag kveld var det opning av Steinbakken vevstugu si utstilling i biblioteket på Dombås.

Feira 40 år: Steinbakken Vevstugu feira 40 år i år. Her er nokre av damene samla rundt kaffebordet: Fremst: Oddhild Fjørtoft og Kirsten Jørstad. Frå venstre rundt bordet: Ragnhild Skaalgaard, Elin Dalseth, Bente Vatne, Reidun Blestrud, Marit Bentdal Amble, Elsa Angard og Anne Brit Thoresen.  Foto: privat/arkiv

Dreisen på vev: Oddhild Fjørtoft, Synnøve Toven (fremst f.v.), Anne Brit Thoresen og Ragnhild Skaalgaard (bak) står samla rundt veven.  Foto: Privat

Elin Dalseth og Mari Avdem ved veven.  Foto: privat

Nyheter

Utstillinga markerer at det er 40 år sidan Dombås Husmorlag starta opp vevkurs, noko som vart starten på eit unikt vevmiljø. Utstillinga vil bli ståande på biblioteket i ein månad og kan sjåast der i opningstida til biblioteket.

- Mellom 40 og 50 personar var tilstede på opninga. Ordførar Oddny Garmo representerte Dovre kommune, gratulerte og reflekterte rundt verdien av å føre vidare eit kunsthandverk som veving er, kan Synnøve Toven i Steinbakken Vevstugu rapportere.

I tillegg vart det kulturelt innslag med Serena Habtom og Estin Rusten Berg-Domaas, som sang og spela gitar. Det vart også orientering om virksomheita på vevstua og om veving generelt før det vart servert kaffe og kake.


Humørfylte damer på Vevstugu

Steinbakken Vevstugu fyller 40 år i 2019 og vevdamene er en flittig gjeng med godt humør, og har snakketøyet i orden.

 

- Steinbakken vevstugu starta også opp eit lotteri med håp om det kan hjelpe på økonomien. Gevinstene er produsert på vevstua sist vinter, og trekning blir i slutten av november, fortel Toven.

Her er noko av utstillinga:

  Foto: privat

  Foto: privat

  Foto: privat