Tora Berger tok første steg opp i den nye «cockpiten» på Lesja

Laurdag tok Ingunn Hagen og Ola Jordhøy i Steg for Steg imot fleire titals gjestar til offisiell opning av det nye refleksjonshuset.

Tora Berger var førstemann som fekk sitte i det nye kunstverket til Steg for Steg på Lesja. 

Nyheter

Hovudattraksjonen for mange, og den nyaste innretninga på garden Ner Siem, var refleksjonsplassen «Cockpit». I det som kan likne på ein cockpit i eit mikrofly kan man sitte 4-5 meter over bakken og nyte utsikten ned mot gardstunet og resten av dalen.