Lokale ysterier i ny ostebok

Osteglad er ei ny bok frå forlaget Aase & Wiig AS, som tek for seg norsk ost og ildsjelene bak.

TINE Meieriet på Dovre, med Sigrid Svanborg i spissen, er godt representert i den nye boka "Osteglad".  Foto: Kim-André Aspen/Forlaget Aase og Wiig AS

Åse Haugstad på Avdem Gardsysteri.  Foto: Kim-André Aspen/Forlaget Aase og Wiig AS

Nyheter

Ivar Aase i forlaget er glad for å ha med både Avdem Gardsytsteri på Lesja og TINE Meieriet Dovre, som får tildelt kvart sitt kapittel i boka.

- Dette er ei bok om norsk ost og ildsjelene som står bak landets framste ysterier. Vi ønskjer å syne fram det breie mangfoldet av kvalitet som ystes i Norge, seier Aase.

Målet med boka er å syne fram kva "ostelandet Norge" har å tilby, både for å hjelpe deg på vegen mot ditt eiga vesle osteeventyr, og for å bli betre kjent med både ostene og ystarane.

Boka er skrevet av Eivind Haalien, Hanna Taugbøl og Bernt Bucher Johannessen. Haalien kjem frå ein fjellgard i Valdres, og jobbar som ansvarleg for lokalmat og spesialiteter i NorgesGruppen. Taugbøl er odelsjente på ein gard i Eidsskog, og studerar journalistikk i Oslo. Johannessen er ein mangeårig gründer innan mat og reiseliv, og er for tida dagleg leiar i HANEN, organisasjonen for gardsmat, bygdeturisme og innlandsfisk i Norge.

Gjennom boka får du bli med på ei reise gjennom Norge, og får presentert folka og ostene som utgjør det norske ostekartet i 2019. Ved Avdem Gardsysteri på Lesja har dei valt å fokusere på osten Fjelldronning og Huldreost, medan på Dovre er naturlegvis Snøhetta i fokus, som også er ysteriets eigen favoritt.

Boka blir lansert den 8. oktober.