Martin (17) diggar Lesjaskog og tradisjonshandverk

– Lesjaskog er ei perle. Ei bygd så vakker at eg knapt kan få sagt det. Fiskevatn har dei også. Ikkje minst er skogingane særs trivelege folk. Difor ynskjer eg å busetje meg der, seier Martin Bjørk Halvorsen (17) frå Jessheim.

Svart gull på fingeren: Martin Bjørk Halvorsen (17) som har hjarte både for handverk og Lesjaskog, lærte sist veke korleis ein lagar tjære av malma rotkubbar. 

Nyheter

Brenning av tjæremile i Bygningshistorisk park markerer tradisjonen tru starten på eit nytt skuleår ved Hjerleid. Når røyken stig over tretoppane ved Rudiåa, er det eit teikn på at edle dråpar er i kjømda. For Riksantikvaren og andre som har omsut for viktige trebygningar, er det nemleg berre milebrent tjære som duger. Ikkje rart at Martin og hans klassekameratar passa mila som smedar. Rett temperatur er alfa og omega.