Etter to år og 160 dugnadstimar vart den nye sykkelstien over fjellet endeleg opna

Trass tidleg vinterføre mellom hyttegrenda Skogsætrin på Dovre og Høvringen i Sel, kan dei to velforeiningane skilte med ny sykkeltrasé mellom seg.

Ordførar i Dovre, Oddny Garmo, opna ny sykkel- og skitrasé mellom Skogsætring og Høvringen, saman med leiar for Skogsætrin Vel, Ellen Eckhoff Planke (t.h.) 

Nyheter

Ordførar i Dovre, Oddny Garmo, sto for opninga av den nye sykkel- og skitraseen saman med leiar for Skogsætrin velforeining, Ellen Eckhoff Planke. Etter to år med dugnadsinnsats og pengeinnsamling sto den 5 kilometer lange løypa ferdig for om lag ein månad sidan.