Kommunevalet i Lesja:

Senterpartiet beheld både ordførar og varaordførar i Lesja

Senterpartiet beheld både ordførar- og varaordførar vervet i Lesja. Det bekrefter partiet i ei pressemelding frå fredag førre veke.

Ronald Kikut og Mariann Skotte i Lesja Senterparti beheld posisjon som varaordførar og ordførar. 

Nyheter

Etter å ha inngått avtale med Lesja Arbeiderparti om fordeling av posisjonar for valperioden 2019-2023, kom dei to partia fram til at Senterpartiet får behalde begge dei to verva. Arbeiderpartiet kom derimot ikkje tomhendt ut av forhandlingane.

Brot med Høyre

- Styra og forhandlingsutvala i dei to parti kom denne veka til einigheit om fordeling av ulike posisjonar for den kommande kommunestyreperioden, seier lokallagsleiar for Lesja Sp, Jo Mosenden, i pressemeldinga.

Senterpartiet i Lesja hadde i forkant av forhandlingane med Lesja Ap vore i dialog med Lesja Høyre, men Høyre sitt ønskje om ein felles politisk plattform var ikkje foreinleg med Senterpartiet sin politikk, ifølgje Mosenden.

- Lesja Senterparti er opptatt av at politikken og sakane skal gjenspegle valet; noko vi ser at avtala med Lesja Arbeiderparti i mykje større grad gjer. Det er no dei to største parti, og dei to parti med klart størst framgang i valet, som har inngått avtale; noko begge partia meiner speglar veljarane sine ønskje på ein god måte, seier han.

Fordeling av posisjonar
Mosenden presiserer at det er ei avtale om fordeling av posisjonar som er inngått, og ikkje ein felles politisk plattform.

- Begge partia er opptekne av at alle skal stå fritt i kvar enkelt sak, og at det er sakene og dei gode politiske diskusjonane som skal vere i fokus, seier han.

I tillegg til at Senterpartiet beheld ordførar og varaordførar, får dei også leiaren i Forvaltningsstyret og ein representant i Nasjonalparkstyret for Reinheimen.

Arbeiderpartiet får til gjengjeld leiar av Livsløpsstyret og Fjellstyret, samt ein representant i Nasjonalparkstyret for Dovrefjell.

Overraska
Lesja Høyre, ved partiets førstekandidat Hanne Velure, seier dei er overraska over avtalen med tanke på det klima som har vore mellom dei to partia i om lag heile inneverande valperiode.

- Vi forventar at Sp og Ap framover blir samde om politikken i langt større grad enn i denne valperioden. Fordeling av posisjoner kan ikkje frikoplast frå politikken. Om ein gjev makt og posisjonar til eit anna parti er det fordi ein heller ønskjer deira politikk gjennomført enn andre aktuelle samarbeidspartnarar sin. Sp har ikkje tidlegare vore det minste opptekne av valresultatet som grunnlag for konstituering. etter valet i 2011 der Sp og ikkje minst Høyre hadde betydeleg framgang medan Ap hadde tilsvarande stor tilbakegang, vart Høyre aldri kontakta for drøfting av samarbeid. Da gjorde Sp avtale med Ap utan vidare, seier Velure.

Lesja Høyre mistar eit mandat til kommande valperiode, men seier dei kjem til å vere ein konstruktiv, tydeleg og synleg opposisjon til Sp-Ap-konstellasjonen i kommande periode.