Innstiller på skulesamanslåing

Neste måndag skal kommunestyret i Dovre ta stilling til korleis skulestrukturen skal sjå ut i Dovre.

Det blir opp til politikarane i Dovre å bestemme om det er Dovre eller Dombås som skal huse ein felles barneskule.  

Nyheter

I innstillinga er forslaget frå rådmannen at barneskulane på Dombås og Dovre skal bli slått saman til ein felles barneskule frå 1. august neste år.

– Det blir gjort for å behalde den gode kvaliteten i grunnskuletilbudet til elevane og for å sikre eit stort nok jamaldringsmiljø for venskap og trivsel, står det i innstillinga.

Men kvar dette skal skje - det er opp til det avtroppande kommunestyret å bestemme. Administrasjonen har ikkje kome med forslag til lokalisering.

Forslaget er at skulen samtidig skal innføre «Normmodellen», som byggjer på nasjonale normer for lærartettleik. Det skal kunne vidareføre god kvalitet på arbeidet i dovreskulane.

Dovre kommune kjem også med forslag om kommunal SFO-skyss, frå ein felles SFO på ein felles barneskule. Den skal gå til bestemte haldeplassar langs E6. I forslaget til innstilling står det også:

Når elevar i 1.- 2. klasse har særleg lang reisetid t/r skolen og SFO-skyssen ikkje kan bøte på det, må eiga skyssordning for elevar/ grupper av elevar vurderast. Ei arbeidsgruppe beståande av foreldre, helsevesen, skole og administrasjon definerer begrepet «særleg lang reisetid»

Administrasjonen foreslår også at det skal bli oppretta ei fagleg kompetent arbeidsgruppe som vurderer behova til dei som skal bruke den barneskolen som blir vald. Dei skal planlegge tilpassing og eventuelt ombygging i tråd med gjeldande regelverk.