Lesja skal dele ut sin første næringspris

I løpet av hausten 2019 skal Lesja kommune dele ut sin første pris til næringslivet i kommunen.

Solveig Brøste Sletta i Nordveggen og Lesja-ordførar Mariann Skotte er begge stolte over å kunne dele ut kommunens første næringspris.  Foto: arkiv

Nyheter

Næringsprisen skal vere ei påskjønning til personar, bedrifter eller organisasjonar som har bidrege til å skaffe nye og varige arbeidsplassar til kommunen, og i likskap med ein kulturpris skal den anerkjenne gode pådrivarar innan det lokale næringslivet.

Første næringspris
Prisen var ein idé gjennom Nordveggen, og kjem på bakgrunn av revidering av kraftfondet i kommunen, som vart vedteke av kommunestyret i fjor haust. Der vart det også vedteke å etablere ein næringspris, som skal vere ei påskjønning på 20.000 kroner teke ut av kraftfondet.

Lesja ønskjer difor ditt forslag til kven som fortener ein slik pris, og alle kan vere med å foreslå ein kandidat dei meiner fell innanfor dei ovannemnte kriteria.

Prisen kan også gå til nokon som har ytt ekstraordinært bidrag til å trygge og vidareutvikle eksisterande næringsverksemd. Idear og prosjekt som kan vidareutviklast til veksande og varig verksemd kan også premierast.

- Det er gjort på berre eit par minutt å sende inn forslag til prisvinnar, som ein enkelt kan gjere på Lesja kommunes heimeside. Der må ein legge ved namn på kven ein ønskjer skal få prisen og kvifor. Ein må også legge ved eige namn og telefonnummer, men det er unntatt offentlegheit, seier Solveig Brøste Sletta i Nordveggen.

- Kven som helst kan sende inn forslag, men kandidaten må ha sitt virke i Lesja, presiserer ordførar Mariann Skotte.

Kommunen stillar følgjande kriteria til den som skal få prisen, at det må vere nokon som på ein framståande måte har markert seg innan nyskaping, modernisering, profilering, innverknad på øvrig næringsliv, og involvering i lokalt utviklingsarbeid.

- Dette er eit viktig tiltak for å framheve bedrifter, og det skal vere status å få næringsprisen, meiner Sletta.

Eigen næringsdag
Næringsprisen skal delast ut under eit arrangement på same måte som kulturprisen, kor det skal bli gjort stas på prisvinnaren. Denne «næringsdagen» skal finne sted ein gong i november, men det er enno ikkje avklart dato.

- Fristen for å sende inn forslag er 20. oktober, og det er formannskapet som skal avgjere kven som får prisen i førstkommande møte etter fristen, som blir den 12. november, seier ordføraren.

Ho legg også vekt på all den gode satsinga som har vore gjort i kommunen berre i løpet av dei siste par åra, og er stolt av å vere inne i ein slik trend.

- Det er meir enn nok av kandidatar å velje mellom, meiner Skotte.