FolkRekrutt i ny drakt: - Dette blir ein slags folkemusikk-musikal

Foreininga FolkRekrutt har arrangert tre kurshelger i året for ungdom mellom 6 til 18 år i fem sesongar, og byrjar å bli eit etablert namn innan folkemusikkmiljøet.

FolkRekrutt tar for seg kurs innan folkemusikk for barn og unge i alderen 6 til 18 år.  Foto: FolkRekrutt

Nyheter

Dei har kurs på fele, toradar, trekkspel, song, masterclass og halling, og denne sesongen gjer styret ein ny vri på prosjektet. I år skal dei tre samlingane munne ut i ei stor avslutningsframsyning på Rudi Gard i april 2020, kor temaet er Gjendine Slålien.

Årets prosjektet har fått namnet «Klangen av Gjendine – Gjendine Slålien sin musikk gjennom 130 år». Vegar Vårdal i Kultivator AS er kunstnarisk leiar for framsyninga og Mari Midtli er framleis prosjektleiar og skal sørgje for og få prosjektet trygt i hamn.

FolkRekrutt har i løpet av dei fem sesongane hatt ei gradvis utvikling, både i omfang og i antal deltakarar.

- Dette hadde ikkje vore mogleg å få til utan gode stønadsordningar og velvilje frå både lokale sponsorar og lokale spel- og dansarlag, seier Mari Midtli.

I fjor hadde FolkRekrutt utgifter på godt over 300 000 kroner, men i år satsar dei enda høgare for å få til ei storslagen sesongavslutning på Rudi Gard.

- Dette blir ein slags folkemusikk-musikal, seier Midtli, og legg til: - Vel, ein rein musikal blir det nok ikkje, men ei samansett førestilling med både song, dans og spel.

Dei same lærarane skal følgje kvar gruppe alle tre samlingane, som er viktige brikker for å få i hamn ei slik førestilling.

I år er samlingane i Lom, på Otta og på Rudi Gard. Det er krav om at ein må ha spelt instrument i eitt år for å delta. På song og halling er det ikkje krav til noko forkunnskap. Masterclass er for vidarekomne, og er ei gruppe på tvers av instrument.

Målet er å skape ein sosial arena for ungdom med same interesse, gje dei sceneerfaring og iver til å halde fram med det dei gjer.

- Vi ser at mange av ungane er allsidige og vil delta på fleire kurs. Dette vitnar om at den totale interessa for musikken og dansen er stor, seier Midtli.

- Vi ønskjer gamle og nye deltakarar velkomen til årets sesong. Eg håpar prosjektet vårt skal vere den store snakkisen når vi kjem til april. Da vil eg sjå heile dalen gå mann av huse for å få med seg Klangen av Gjendine, avsluttar ho.

Frist for påmelding for FolkRekrutt er innan 1. november.

Sesongens samlingar skal foregå den 16.-17. november på Utgard i Lom, den 15.-16. februar ved Otta Ungdomsskule, og den 25.-26. april på Rudi Gard, kor det også blir avlsuntingsframsyning den 26. april.