Dugnadsånd på Dombås skistadion:

– Det har aldri vore så mykje aktivitet som no

Det blir ingen haust utan dugnad ved Dombås Skistadion for pensjonistane med Gunnar Bentdal i spissen.

Eldst på dugnad: Pensjonistane Ingolv Toven, Gunnar Bentdal og Ola Linderud stilte nok ein gong opp på dugnad ved skistadioen på Dombås, kor mykje skal gjerast i forkant av vinteren. 

Nyheter

Måndag denne veka var ein særs aktiv dag på skistadion. I tillegg til at den første snøen vart køyrd ut i løypa var ei gruppe på åtte pensjonistar i full sving for å drive generelt vedlikehald i forkant av vinteren. Ikkje minst vart rulleskiløypa forlenga med eit nytt lag asfalt.