Lesja Bulldozerlag skal lage 3,6 kilometer med gang- og sykkelveg

Statens vegvesen skal bygge ny gang‐ og sykkelveg langs E6 mellom Driva og Hevle i Oppdal kommune.

Langs denne strekninga i Oppdal blir det ny gang- og sykkelveg takka vere Lesja Bulldozerlag.  Foto: Google Maps

Nyheter

Lesja Bulldozerlag var ein av dei seks entreprenørane som ga tilbod på prosjektet, og torsdag teikna dei avtale med vegvesenet.

Dei var firmaet som ga desidert lågast pris på prosjektet, med ein tilbodssum på 23 994 079 kroner. Om lag halvparten av det konkurrenten i sør, Stian Brenden Maskinservice, vil ha for å utføre prosjektet.

- Prosjektet skal gjennomførast som ein totalentreprise. Det omfattar prosjektering og bygging av 3,6 kilometer gang- og sykkelveg langs eksisterande E6. Ein kulvert under E6 ved Hevle er også inkludert, meldar nettavisa Veier24.

Arbeidet omfattar også nødvendige interimsveger, støyskjermar, støttemurar og infrastruktur i grunn.

Ferdigstillingsdato for oppdraget er satt til 10. september 2020.

Her er dei seks entreprenørane som la inn bod på prosjektet.

EntreprenørTilbudssum i kr., eks. mva.
Lesja Bulldoserlag23.944.079
Oppdal Maskinkompani30.075.896
Johs. J. Syltern32.818.000
Winsnes Maskin & Transport35.546.250
Gjermundshaug Anlegg42.817.067
Stian Brenden Maskinservice46.046.092