Marte kom vidare i Farmen

Marte Flobergseter frå Lesjaskog kom sigrande ut av tvikampen i sundagens episode av reality-serien Farmen på TV2.

Marte Flobergseter tok avskjed med konkurrenten Vivian Kvarven i kveldens episoda av Farmen.  Foto: Skjermdump TV2

Dei to konkurrentene møtte kvarandre i kunnskaps-quiz.  Foto: Skjermdump TV2

Nyheter

Tidlegare i serien denne veka vart 22-åringen frå Lesjaskog valt til førstekjempe av storbonden Jan Erik Brodahl.


Marte valgt til førstekjempe

I gårsdagens episode av Farmen ble Marte Flobergseter (22) fra Lesjaskog valgt til førstekjempe.


Flobergseter måtte da velje kven ho skulle møte som andrekjempe i tvikamp, og valet vart 47 år gamle Vivian Kvarven.

Andrekjempa får velje kva slags utfordring dei to kjempene skal møtast i, og Kvarven ville møte Lesjaskogs-jenta i kunnskaps-quiz.

Flobergseter tok leiinga etter to av fem spørsmål, men Kvarven svarte riktig på andre spørsmål. Fjerde spørsmål kunne bli avgjerande for kven som vann konkurransen, men begge svarte riktig.

Femte og siste spørsmål gjekk ut på å nemne tre av fem fylker som grensar til Telemark. Flobergseter svarte tre av tre riktige, medan konkurrenten fekk ein feil, og vart dermed slått ut av heile konkurranse og måtte forlate garden.

Flobergseter er dermed enno med i konkurransen, men slutten av episoden tydar på at ho ikkje er velkomen attende.