Sju nasjonar på laftesamling

Den tredje veka på laftesamling ved Hjerleid var heile sju nasjonar representert i «laftegruppa».

Laftesamling: Sju nasjonar var representert denne veka når det var laftesamling på Hjerleid, både blant elevar og tilreisande. I tillegg til Norge var også Tyskland, Sveits, Sverige, Polen, Israel, England og Canada representert. 

Nyheter

I tillegg til elevar ved handverksskulen på Hjerleid fekk også skulen besøk av tilreisande handverkarar som fekk prøve seg på lafting. Dei jobba med å få på plass «demonstrasjonshuset», eit prosjekt som har gått føre seg på skulen dei siste tre åra.