Lokalhistorisk snadder på Lesjaskog bibliotek

Ein lokal nasjonalskatt er nå å finne på Lesjaskog bibliotek.

Hans Enstad har vore bidragsytar til at bøkene har hamna på biblioteket hjå Grethe Mømb. Det er mange gode historier i dei gamle utklippsbøkene. 

Nyheter

Her er det 25 innhaldsrike bøker med lokale avisutklipp, som strekkjer seg i ei periode frå 1951 til 1996. Det er Astrid, Karl og Helge Mølmen frå Strandli på Lesjaskog som har laga til desse bøkene. Sidan Helge gjekk bort i 1996 har familien teke vare på dei, no ynskjer dei at heile bygda skal få nytte av bøkene. Utklippa er i alle fall frå Gudbrandsdølen, Lillehammer Tilskuer, Dagningen, Åndalsnes Avis, Driva og Kyrkjebladet. Alle busett nørdst i Lesja kjem garantert til å sjå eit kjent fjes eller namn om dei blar seg fram i utklippsbøkene.