Ope møte om viktig tema

Gardbrukaryrket er ofte einsamt. Dette er tema for eit ope møte på Lesja torsdag.

Torsdag blir det ope møte på Lesja, med psykisk helse i bondeyrket som tema.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyheter

Torsdag 14. november skal det være ope møte på Lesja kulturhus, eit samarbeid mellom bygdekvinnelagene i Lesja, bygdeundomslaget Lesja og Lesjaskog bondelag og Lesja sau og geit. Temaet for møtet er einsemd og sjølvmordsforebygging.

Det er eit tungt tema, men Kathrine Holten i Lesja bygdekvinnelag seier at det er viktig å ta det opp.

– Det er et tøft tema som er veldig viktig, og det er ein del einsemd i bondeyrket, seier Holten.

Det er bonden Henrik Kjeldsen frå Ulefoss i Telemark som skal dele si historie denne kvelden. Han har personleg erfaring frå tida da far hass vart sjuk, og valde å avslutte sitt eige liv.

– Dette møtet er åpent for alle. Her er alle velkomne, både unge og gamle - og det er ikkje berre for dei i landbruksnæringa, seier Holten.

Ho seier at psykisk helse ofte blir sett på som eit tabu, og og at dei med ein sli kveld håpar på at det ikkje skal bli så farleg å sette ord på korleis ein har det.

– Vi må senke terskelen for å prate om dette, og ufarleggjere temaet, seier Holten.

Det vil bli informasjon får helsetenesten, og lag og foreiningar. Lesja barnekor skal underhalde. Det blir suppe til alle, og tid til ein god prat over matbordet.