Skal presentere Dovre på reiselivseminar

Reiselivselevane på Dombås og Otta fekk tidlegare i haust besøk av prosjektet Bærekraftige Opplevelser i Reiselivet (BOR).

Til Lillehammer: Elevane ved reiseliv ved den vidaregåande skulen på Dombås skal til Lillehammer for å vise kva dei har kome fram til i prosjektet om bærekraftige opplevingar i reiselivet. F.v.: Åsta Løftingsbakken, Eline Kolstad, Anne Natalie Bonsaksen, Ove Marius Nørstegård, Madelen Olsen Brandli, Sigurd Brennhaugen og Hans Bjørner Hole Norderhus. 

Nyheter

BOR er eit forskingsprosjekt retta mot reiselivet i Innlandet, og skal bidra med ny informasjon innan kunnskapsbasert produkt- og opplevingsutvikling og bærekraftige og attraktive heilårsdestinasjonar. I haust var Bacherlor-studentar på Reiselivsledelse ved Høgskulen i Innlandet på feltarbeid i Dovre, der dei blant anna besøkte den vidaregåande skulen der dei gjennomførte eit eksperiement rundt kva det vil seie å «nasjonalparke».