Til våren kjem Liv og Steinar med diktbok

Det starta med skulevennskap for 60 år sidan, til våren vert det bok av det.

Liv Aspehol og Steinar Nyland har denne veka levert sitt dikt nummer 100 til Vigga. 

Nyheter

Trufaste Vigga-lesarar har nok dei to siste åra lagt merke til at det kvar veke er med eit dikt. Dette starta som ei tilfeldigheit, og har etter kvart vorte ei fast spalte kvar veke. Denne veka er dikt nummer 100 med tekst av Steinar Nyland (77) og foto av Liv Aspehol (75) på trykk i Vigga. Og til vårs vert det bok av desse dikta.

– Eg tenkte eg skulle prøve å sende inn eit dikt til Vigga. Også sendte eg eit til, og jammen kom ikkje det med også, seier Nyland.

Den lokale poeten er fødd og oppvaksen på Lesja, men held no hus i Melhus utanfor Trondheim. Fotografen Liv Aspehol bur på Dombås.

Starta på Facebook

Dei to var godt kjent i skuletida. Etter at dei vart venner på Facebook fekk dei kontakt på nytt, og Steinar la merke til dei fine naturbileta som Liv la ut. Han har pusla med noko diktskriving tidlegare også, men no fekk han blod på tann.

Steinar har alltid vore glad i norskfaget og i å både lese og skrive. Han hugsar ein kommentar han fekk frå læraren han hadde på framhaldsskulen.

– Han kommenterte stilen min med: «Du har ein fantasi som sjølvaste Jack London ville snu seg i grava for, men det hadde vore fint om du ville halde deg litt meir til sannheita», flirar Steinar.

For Liv starta fotointeressa etter at ho vart pensjonist. Ho er glad i å ta bilete ute i nature, og fotoapparatet er alltid med.

– Eg ser etter detaljer, og legg kanskje merke til ein del ting som ikkje så mange ser, seier ho.

Dialekt er viktig

Dikta dei har sendt inn til Vigga har tema frå Lesja og Dovre, spesielt Dovrefjell og Dalsida. Her brukar Steinar dialekt.

– Det passar bedre, og ei likar å bruke dialektord. Det er så mange ord som ikkje blir brukt i dag, som vi ikkje må gløyme, seier han.

Dei har begge fått gode attendemeldingar, både frå kjente og ukjente.

– Eg har aldri trudd det var så mange i Trøndelag som hadde Vigga, men det har eg lagt merke til no, seier Steinar.

Lanseringsplanar

Han kan hente inspirasjon frå både bileta til Liv og ander ting. Så set han seg ved kontorpulten og startar på diktarjobben. Det tek ikkje så lang tid å få ferdig eit dikt, men det må alltid få godgjere seg nokre dagar før han seier at det er det endelege resultatet som er klart.

No som dei har runda 100 dikt kjem Steinar kanskje til å sjå seg om etter andre tema og stader som det kan diktast om. Først kjem arbeidet med diktboka. Her skal alle dei hundre dikta og bileta som har vore på trykk koma på glansa papir. Steinar lovar stor lansering utpå nyåret.