Lesjarevyen får årets kulturpris

Årets kulturpris i Lesja kommune går til revygruppa i Lesjarevyen ved Friheim.

Kulturprisvinnarar: Revygruppa i Lesjarevyen får årets kulturpris i Lesja. Her frå revyen i februar sto John Ola Selsjord, Astrid Kvam Helset, Erland Hareland, Melissa Skeie Brøste, Dag Christian Hole og Anna Haugstad Avdem på scena.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Det vart vedteke i Lesja sitt livsløpsstyre torsdag kveld.

Lagarbeid av høgaste sort

- Det var overraskande. Det er artig at den innsatsen som vi har lagt ned i mange år blir lagt merke til og verdsett, seier Astrid Kvam Helset på vegne av revygruppa etter at prisvinnaren vart offentleggjort på fredag.

Ho har stått for mykje av skrivinga og regien i revyen dei siste seks åra som ho har vore med, men legg vekt på at dei er ei gruppe med flat struktur.

- Det er lagarbeid av høgaste sort. Alle er med på alt, og ingen er viktigare enn nokon andre, slår ho fast.

Samlande arrangement

Lesjarevyen har blitt kommunens største kulturarrangement, i det at det dreg størst publikum fordelt på fleire framsyningar. Ifølgje Helset er revyen i aller høgaste grad heimelaga, med innhald, kostymer og rekvisittar som i høg grad er produsert av revygruppa sjølve.

Det har også blitt ein revy som samlar heile bygda, med deltakarar frå lengst vest til lengst sør i kommunen. Til neste års revy har dei til og med ein dovring på laget.

- Vi må ikkje minst takke publikum som har støtta oss i alle år. Det er artig når folk byrjar å spørje etter revyen allereie om sommaren. Det tydar på det er noko som folk sett pris på, seier Helset.

- Det er utruleg mange folk som har lagt ned mykje innsats gjennom åra for å glede bygdefolket. Det er også viktig å takke alle som let seg velvillig bli parodiert, legg ho til.

Forbereder ny revy

Revyen har til vanleg blitt lagt til februar, men neste år vil den kome noko seinare på grunn av oppussing av nytt kjøkken på Friheim.

- Det blir revy, men ikkje i februar, kan Helset bekrefte.

Revygruppa for Lesjarevyen 2020 har med seg fleire gjengangarar men også nokre nye fjes. Den består av Anna Haugstad Avdem, Astrid Kvam Helset, John Ola Selsjord, Melissa Skeie Brøste, Anne Marie Joten Bryggen, Erland Hareland og Vegard Ulekleiv.