Popstjerne legg Noregsturneen til Lesja: - Eg trur det kan bli magisk

Den norske artisten Eva Weel Skram er på Noregsturné, og fredag den 6. desember går turen innom Friheim på Lesja.

Kjem til Lesja: Visepop-artisten Eva Weel Skram tek turen til Lesja i desember.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Artisten er tidlegare kjent frå pop-duoen under namnet «Eva & The Heartmaker», saman med ektemannen Thomas Stenersen. Dei siste åra har ho opptredd på morsmålet under sitt eigentlege namn, og har utmerka seg blant det norske artistgalleriet.