Mister 328 000 kroner i statleg støtte: – Kan bety kroken på døra for vår del

Stortinget har vedteke ei endring i finansieringsmodellen til alle frivilligsentralar i Norge. Dersom den trer i kraft kan det har store konsekvensar for sentralane i små kommunar.

Frykter kroken på døra: Dovre frivilligsentral kan miste 328 000 kroner i statleg støtte. Dagleg leiarar Anett Haugen og Linda Berntsen trur det kan bety slutten på organisert frivilligheit i kommunen. 

Nyheter

Sidan starten på 90-talet har staten utbetalt tilskot direkte til alle landets frivilligsentralar. Tilskotet kom med eit krav om 40% lokal delfinansiering, og 100% stilling som dagleg leiar. Frå 2017 vart denne finansieringsmodellen endra, og per i dag går tilskotet til kommunane, og krava forsvann. Frå 2021 trer ei enda meir kritisk endring inn: midlane skal ikkje lengre fordelast etter talet på sentralar, men etter innbyggjartal.