Historielaget ute med nytt årsskrift

Den veka slapp Dovre Historielag sitt 34. årsskrift i form av boka Dovrebygde 2019.

Ny bygdebok: Redaktør Asbjørn Amble syner fram nyaste utgåve av Dovrebygde.  Foto: Simen Rudiløkken

På lanseringsfest: Arne Skuterud (t.h.) har skrevet artikkelen om oppvekst på Dombås blant krigsminner og Stein Løkken (t.v.) var barndomskameraten til Arne.  Foto: Asbjørn Amble

Nyheter

Det var god stemning under lanseringa på Toftemo, med om lag 40 frammøtte som fekk servert rakefisk og ein fyldig omtale av boka.

Årets utgåve

I Dovrebygde 2019 skriv mellom anna Arne Skuterud ein artikkel om korleis det var å vera barn og ungdom på Dombås i åra etter den andre verdskrigen, med leik mellom bunkers og tyske installasjoner.

- Ei historie om oppvekst ved jernbanelina på Dovre, der mellom anna ein hest vart drepen av toget, mens kusken kom uskadd frå hendinga finn vi og. Og om historia då han tannlause stakkaren fekk feil gebiss i postkassa,- og då julekvelden vart heilt nedsota, fortel redaktør for Dovrebygde, Asbjørn Amble.

- Kven var eigentleg fyrste kvinne på Snøhetta? Var det Maren Collett,- eller hadde Sigrid Hjerkinn vore der tidlegare? Og kven var det som tok storauren til Ola Holen? Visste du at Olabakken på Dombås berre vart brukt ein gong? Og,- eit stort spørsmål er framleis: kven var mor og dotter som vart berga i snøstormen i Dørålen påska 1978? Dovrebygde har funne fram til kven karane var som berga dei i stormen, men veit framleis ikkje kva dei to kvinnene heiter, kan Amble freiste med i årets utgåve.

Ein kan også lese ein artikkel om dei gamle kafeane på Dovre, ein grundig gjennomgang av Storofsen sine herjingar i Dovre. Hans Jacob Dahl har skrive om kva som eigentleg hende då fjellstuene vart sett i brann i 1718. Vi finn historia om pianisten på Dombås hotell, Lasalle de Flon, som fekk spele piano der til hotellrekninga var betalt. Han vart verande i 22 år.

- Dette og mykje anna lokalhistorie er å finne å Dovrebygde for 2019. Ein perfekt julegåve, meiner redaktøren.

Treng stadig innspel

Amble er fornøgd med sitt sjuande årsskrift som redaktør, men er stadig på leiting etter nytt og gammalt å skrive om.

- Det kjem stadig vekk stoff til årboka. Vi treng innspel frå lesarane og at dei anten skriv eit og anna stykke sjølve, eller at dei finn fram til stoff som andre har laga. Dovre er full av uskriven historie, og vi treng ikkje leite mange hundre år attende for å finne interessante saker. Tenk berre på alt som hender i dagleglivet,- og som blir borte i gløymsle om nokre få år, seier Amble, som oppmoder folk om å finne fram bilete og historier om den nære fortida som også nolevande folk kan fortelje noko om.