Laurdag kveld konkurrerte danseparet i verdsmeisterskapet i Boogie Woogie i regi av World Rock'n'Roll Confederation (WRRC) som fant sted i Russlands hovudstad, Moskva.
Sondre og Tanya toppa resultatlistene i kvar runde, utanom finalen i slow dans, kor det finske paret Mari Munne og Juho Päivinen låg framfor dei med berre 0,8 poeng. Det norske paret tok derimot leiinga i den andre finalerunda i hurtigdans, med god nok margin til å ende opp på ein førsteplass.
Norge vart ein klar favoritt blant dommarane og det beste paret i hovudklassa. Med eit sluttresultat på 98 poeng vart det ein overlegen siger over andreplassen, Päivinen og Munne, som avslutta med 87 poeng.