Takka alle som har vore med på byggeprosessen

Den nye sjukeheimen på Lesja er i ferd med å bli ferdig, og denne veka starta sjølve flytteprosessen.

Leiar for Lesja sjukeheim, Hilde Lislien (foran i midten), omkransa av arbeidarar som har vore med på å bygge den nye sjukeheimen. 

Nyheter

Leiar for Lesja sjukeheim, Hilde Lislien, nytta siste moglegheit til å samle nesten alle som har vore med på å bygge det nye tilbygget, for å gje dei ein stor takk før dei forlèt byggeplassen for ei lengre periode.