- Det er ingen endringar for regler i Pasientreiser

Førre veke skreiv Vigga om at fleire pasientar i Dovre ikkje har fått plass på Helsebussen etter eit nytt system vart innført tidlegare i haust.

Helsebussen: Fleire pasientar i Dovre har sidan tidlegare i haust ikkje fått plass om bord på Helsebussen gjennom Gudbrandsdalen.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Vigga skreiv da om strengare krav til reisande pasientar, som måtte oppfylle minst eitt av fire krav for å kvalifisere seg til å bli med Helsebussen. Dei fire krava det var snakk om er betydeleg redusert orienteringsevne, betydeleg redusert allmenntilstand, psykiske problem eller redusert forflytningsevne.