Gjev ut bok om Norsk Almenningsforbund

I samband med 100-årsjubileumet til Norsk Almenningsforbund, kjem det nå ei bok som tek for seg både historie og fakta kring bygdealmenningane i Noreg.

Forfattarar: Sæbjørn Forberg og Stig Aaboen har skrivi bok i høve 100-årsjubileumet til Norsk Almenningsforbund. 

Nyheter

– Vi tenkjer oss at boka kan fungere som ei lærebok om almenningane. Vi ynskjer å nå ut til almenta, til politikarar og skule, og gjeva eit bilde av kva ei bygdealmenning er, seier hovudforfattar Stig Aaboen.

Med som medforfattar og redaktør av boka er ein annan skjåkvær, Sæbjørn Forberg.

– Vi håpar at denne boka kan nå samfunnet utanfor den indre almenningskretsen, og fortelja litt om kva almenningane står for, seier Aaboen.

Almenningane er meir enn berre tre og skog, særleg har dette endra seg dei siste 25 åra. Boka har da også undertittelen «langt mer enn tømmer og bruksrett».

– Ser ein attende til 1950-talet da det var om lag 35.000 skogsarbeidarar og fram til i dag da det kanskje er att 500 som har arbeidet sitt i skogen, så gjev det eit bilde på noko av utviklinga. Ein kan òg ta med at tømmerprisen i dag berre er ein tredjedel av det den var på 1960-talet som eit anna eksempel på endringane, seier Forberg.

Fleire av almenningane i dag er store i hyttemarknaden, og friluftsliv, turisme og opplevingar er noko ein satsar meir på.

Boka som blir lansert i desse dagar inneheld mykje faktastoff om almenningane som er tilslutta Norsk Almenningsforbund. Ho fortel òg mykje om kva almenningsforbundet gjer, og korleis forbundet opererer som ein paraplyorganisasjon for bygdealmenningane.

Almenningsforbundet er ein samlande aktør overfor andre interesseorganisasjonar, politikarar og styresmakter. Samstundes er det ein viktig organisasjon for å samordne og samkøyre relevante saker internt.

– Ei almenning er ein viktig samfunnsaktør, seier Aaboen som har ei årrekkje som styrar i Skjåk almenning bak seg. Han var òg i fleire år sekretær i Norsk Almenningsforbund, ei stilling Forberg gjekk inn etter honom.

Skjåkværane har elles vore låkt representert internt i almenningsforbundet dei fyrste 90 åra av historia.

Nå er altså Aaboen og Forberg svært så sentrale i og med denne boka.

Boka er gjennomillustrert og har ei god utforming.