Jenny (23) starta å måle for eitt år sidan: – Det vart som terapi for meg

Jenny Hågå (23) frå Lesja har i mange år vore flink med blyanten, men det kunstnariske talentet hennar utvida seg for om lag eitt år sidan når ho tok opp penselen.

Ung kunstnar: Jenny Hågå frå Lesja har stutt erfaring som målar. Dette var eit av hennar første måleri, og det ho er mest fornøgd med: – Det skal forestille ein mann og ei dame. Mannen har ikkje armar, og dama står med henda på ryggen og ventar på hjelp, men mannen klarar ikkje å hjelpe ho. Det kan eigentleg tolkast på ulikt vis, fortel Jenny.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheter

Sidan den gong har ho måla nesten dagleg, og målar både små og store motiv som får sin plass på veggen heime i Stordal, heime på garden på Lesja, og hjå kjærasten.