Lesja Bilruter med julegåve til alle elevane i Lesja og Dovre

På tampen til skulefri for barne- og ungdomsskuleelevane i Lesja og Dovre før jul stilte Lesja Bilruter opp med ei nyttig julegåve til alle elevane for å gjere dei synlege i mørketida.

Transportsjef i Lesja Bilruter, Dan Øwre, tok med refleksar til elevane i 3. klasse ved Dovre skule.  Foto: Privat

Nyheter

- Lesja Bilruter har kjøpt inn og gjeve refleksbrikker til alle skuleelevane i Lesja og Dovre, fortel transportsjef Dan Øwre til Vigga.

Refleksane blei delt ut til rektorane ved dei fem skulane i kommunane, som fekk ansvaret for å distribuere ut til elevane. 3. klasse ved Dovre skule var den einaste klassa kor transportsjefen fekk delt ut refleksane sjølv.

- Det var ei triveleg oppleving, og det var godt å høyre at mange av dei går med refleks til vanleg. Vi føler jo eit samfunnsansvar for trafikktryggleiken i Lesja og Dovre, så dette er vårt bidrag. Nå i mørketida er det viktig å bli sett i mørket., seier Øwre.

Han meiner folk generelt kan bli betre til å bruke refleks, og seier ei refleksbrikke som elevane fekk utdelt er den beste for å bli sett i trafikken.

- Slike refleksarmband som mange går med kan oppfattast som ei trafikkstikke. Brikka blir enklare lagt merke til fordi den blinkar, seier han.

- Alle har eit ansvar for tryggleiken i trafikken, og bruk av refleks er den enklaste måten til å bidra på, fortsett Øwre, som avsluttar med å lovprise alle, både store og små, som tek i bruk refleks.