Ei julestjerne til fotballstjerna Kari

Når fotball i Lesja skal nemnast er det eitt namn det er vanskeleg å gå krok om: Kari Hole.

Kari Hole (t.v.) vart nominert til å få Viggas julehelsing av Anne Evensen Torsgård.  

Nyheter

– Ho er ei eldsjel, som legg ned stort arbeid for barn i Lesja. Ho seier ikkje nei, slike folk veks ikkje på tre. Ho gjer ein stor dugnadsinnsats, pluss at det nemnast jobben ho gjer som fysioterapeut og alle som får hjelp der i løpet av eit år, seier Anne Evensen Torsgård, som har nominert Kari til å få julehelsing av Vigga.

Akkurat no er det det siste det dreier seg om for dei to. Dei er begge nokså nyleg kneoperert, og trenar seg opp saman.

Det er fleire generasjonar i Lesja som har nytt godt av Kari sin fotballkunnskap og fotballinteresse. I 1997 kom ho attende til Lesja etter ferdig utdanning. Da starta trenarkarrieren hennar i Lesja IL. Ho hadde ingen eigne ungar på bana, men ville likevel bidra.

– Eg har fotball i blodet. Det er ein onkel av meg som var det store forbildet, seier ho.

Ho har også eit par fetterar som tidleg sørga for at Kari vart Liverpool-supporter. Da fekk ho fotballkort med stjerner som Kevin Keegan og følgde ivrig med på tippekampar. Det var dei som var heltane når ho øvde med fotballen på skulen og på låveveggen heime på Tynnøl.

– Fotball er artig å sjå på og artig å vera med på, frå dei heilt nedste nivåa og opp til dei øvste, seier ho.

Det var ikkje eigne jentelag å vera med på da Kari voks opp. Ho var ei av to jenter som var med på lilleputtlaget til gutane i Lesja IL. Det var ikkje fritt for at det at dei hadde med seg jenter vart kommentert når dei skulle spele bortekampar. Men så starta kampen, og da var det fort stilt frå motstandarlaget.

– Da eg kom attende til Lesja var eg i ein alder der eg hadde ekstra energi, og det var lurt å bruke det på noko fornuftig. Det gjev meg noko når det er glade ungar som viser god utvikling, seier Kari.

Sidan 1997 har ho aldri hatt pause frå den lokale fotballen. Ho har trena lag på mange nivå av begge kjønn. Da sonen Hans Michal var baby var han med på trening med mamma, hengande i bæresele.

Akkurat no er ho usikker på vidare deltaking i fotballivet i Lesja.

– Eg må la mi eiga helse gå først. Og det kan jo også vera greitt at andre tek over, seier ho.

Noko av det ho er stolt av å ha oppnådd er at det er såpass mange som har vore med på fotball ut ungdomsskulen, og opp i 17-18 åra.

– Det er nokre som har nådd langt, slik som Inger-Ane Hole som kom så langt som til landslaget. Det er ein bonus Og det er fleire som kunne greidd det, om dei hadde turt å satse. Det er viktig å seie at for meg er det ikkje viktigast med dei som har nådd lengst, men at vi har greidd å ta vare på fotballgleda i bredda. Her skal det vera rom for alle, og ikkje berre dei beste, seier ho.

– Her kan vi ikkje toppe laga. I Lesja driv vi med breddeidrett, og ikkje toppelite, seier Anne.

Derfor synes både ho og Kari at det er ekstra stas at lag frå Lesja og Dovre utmerkar seg i fleire årsklasser.

– Det er mange som har lagt ned godt arbeid i mange år. Her har både spelarar, trenarar og foreldre arbeidd godt.

– Det er eit sterkt fokus på bredde i Lesja. Det skal være rom for å vera god, men alle er gode nok på sin måte. Vi treng forskjellige kvalitetar som vi kan kombinere, seier Kari.

Det har etterkvart blitt ein del utmerkingar på Kari. Ho synes det er triveleg, men er ikkje så glad i merksemda.

– Det er så velfortent, når du er ei stor eldsjel år etter år, seier Anne.