Handverksskulen på Dovre får nytt utdanningstilbod i 2020

Hjerleid skule- og handverkssenter kunne like før jul annonsere at dei kan tilby eit nytt utdanningstilbod i 2020.

Rektor ved handverksskulen på Dovre, Helle Hundevadt (t.v.), har grunn til å juble. Staten har godkjent eit nytt utdanningstilbod ved skulen frå og med hausten 2020.  Foto: Arkiv

Nyheter

Frå og med neste haust kan skulen tilby VG1 Design og Tradisjonshandverk for søkarar til skulen, og opnar umiddelbart for søknadar.

- Ja, det er faktisk sant at Handverksskolen har fått den beste førjulsgåva som finnes: godkjenning frå staten av eit nytt utdanningstilbod frå hausten 2020, seier rektor ved handverksskulen Helle Hundevadt.

Dette faget gir grunnlag for mange kreative fag: møbelsnekker, treskjerar, smed, tekstilfag, gull- og sølvsmed, båtbyggar og mykje andre fag, opplyser skulen.

- Det finnes ikkje noko liknande tilbod for kreative fag i Gudbrandsdalen, så dette kan vere aktuelt for lokal ungdom også, seier ho.

At faget er eit VG1-fag betyr også at dei kan rekruttere elevar rett frå ungdomsskulen. Dei andre faga ved skulen er VG2, noko som betyr at elevane må ha minst eitt år med vidaregåande utdanning før dei kan starte skulegangen på Hjerleid.

- Vi er veldig glade for dette vedtaket, for da kan vi tilby elevane to års utdanning som gjev nye moglegheiter for fordjupning i det faget dei er mest interessert i, seier rektoren.

VG1 rekrutterar til blant anna til VG2 Trearbeid, VG2 Smed, VG2 Søm og tekstil, som Handverksskolen allereie tilbyr. Handverksskolen har med dette vedtaket godkjenning for 90 elevar, og alle tilboda er innan tradisjonshandverk på vidaregåande skules nivå.

- Dette kan vere veldig bra for rekrutteringa her. Samstundes er det ein ekstra forpliktelse med å ha elevar i så ung alder på internat, meiner Hundevadt.

Tilbodet er også landsdekkande, og vaksne kan også søke seg til lina.

Handverksskulen startar i tillegg malarfaget VG2 Overflateteknikk til hausten.