Nye Lesja sjukeheim får mange godord frå "gammel-ordføraren": – Her er det godt å bu

– Eg kunne ikkje betre hatt det, seier Jo Nordahl Bottheim.

Jo Nordahl Bottheim fekk æra av å klippe snora på nybygget på Lesja helsehus, saman med ordførar Mariann Skotte. Bak står Johan Engen, Ola Syver Håkenstad og Mathias Svelstad.   Foto: Privat

Nyheter

Namnet hans er å finne på ei av dørene på den flunkande nye sjukeheimen på Lesja. Han er ein av dei heldige som har fått heilt nytt rom i det nye Lesja helsehus. Namnet er kjent for dei fleste i Lesja. Bottheim er den som har flest år bak seg som ordførar i Lesja. Først satt han frå 1976 til 1987, så i nye periodar frå 1992 til 1999. Før det har han fleire periodar bak seg som varaordførar, og gjennom alle år representerte han Senterpartiet. Og i løpet av åra han var ordførar var førre gong det vart bestemt at det skulle bli bygd ny sjukeheim på Lesja.