Ved hjelp av dugnadsarbeid var gamal bru som ny

Kva får du viss du tek ein god ide, fleire par sterke armar og eit par kreosotstolpar? Jo, du får ei ny bru.
Nyheter

Merrabotn ligg på fjellet mellom Lesjaverk og Dalsida, her finn du 11 hytter og setre. Det er stor sett verkingar som har dette som si «hytteperle», men det er eit område som er brukt av mange fjellglade menneske. Det tek rundt to timar å gå frå Lesjaverk og inn, og to timar vidare til Dalsida. I Merrabotn ligg det to vatn, og mellom desse vatna renn åa Merre. Når brua vart bygd og kven som har gjort det er det ingen som veit, den har vore der så lenge nokon minnast.