UKM 2020:

Irja er med som ung arrangør for tredje året på rad

UKM haldast den siste helga i januar og difor var ikkje Irja Heidsve (17) sein med å melde seg på att som UA – ein ung arrangør for arrangementet.

Anbefalast: - Det er kjempemorosamt. Den som vil bli meir sosial og ha det artig samstundes, burde jobbe som ung arrangør, seier Irja Heidsve (17).  Foto: Frida Amundgård

Nyheter

- Eg likar å møte nye menneske og tykkjer det er gøy å prøve noko nytt. Så etter eg blei med, har eg ikkje hatt lyst til å slutte, ler Irja.

- Positivt påverka
Unge arrangørar (UA) er eit nasjonalt prosjekt i regi av UKM Noreg og trådde i kraft i 2010. UA skal involverast i dei fleste ledd både når det gjeld planlegging, gjennomføring og generelt ansvar for arrangementet.

Irja bur på Lesja og har hybel på Otta der ho går studiespesialisering på andre året. Planlegginga for UKM 2020 er i gong og Irja gler seg til å byrje for alvor.

- Ein får eit ansvar for andre folk og det er veldig viktig at ein får til det. Ein kjenner at ein vil få det til så det er kanskje det som er mest vanskeleg, men samstundes er det bra, seier Irja.

Arbeidsoppgåvene til Irja kjem i hovudsak til å vere arbeid rundt korleis ting skal sjå ut på Otta kulturhus der UKM haldast, som oppsettet til kantina og inngangspartiet. Eigentleg det visuelle inntrykket. Dette gjorde ho eit av dei førre åra òg så det tykkjer ho er kjekt.

- Eg syns det er fint at vi har moglegheit til å delta på UKM under UA. Har vi ikkje noko å bidra med på scena, kan vi bidra med andre ting. Og det er frykteleg gøy og lærarrikt. Ein vert meir sosial og positivt påverka. Er ein litt sjenert frå før, hjelp det å vera med, seier Irja.

Spesiell stemning
Sjølve grunnen til kvifor Irja er med som ung arrangør er rein tilfeldigheit. Ho møtte tilfeldigvis Sonja Matthisen, som er kommunekontakt for Lesja under UKM, så Irja fekk ei rask innføring i kva UA ville seie.

- Så eg tenkte «Jaja, eg kan vel prøve», ler Irja.

Det er eit frivillig verv, men kost, losji og alle praktiske utgifter vert dekt.

- For det meste gjer vi alt arbeidet rett før, under og etter UKM-helga. Eg veit det kjem til å bli mykje arbeid og det er veldig intenst utan mykje pause, men vi har det såpass artig medan vi jobbar. Under UKM er det ei heil spesiell stemning, seier Irja.

Det sosiale er den største drivkrafta til kvifor Irja vel å vera med att. I fjor vert ho med både på lokalmønstring, fylkesmønstring og landsfestivalen. UA vert vurdert i same grad som dei andre som deltek og vert difor sendt vidare eller ikkje.

Mykje arbeid
Irja understrekar at UKM er eit lågterskeltilbod.