Løyste "positivt problem" - for mange ville gå i barnehagen i Lesja

Dette halvåret er det for mange ungar som skal ha plass i Lesja barnehage. Dette problemet har oppvekstssjef Erik Slettahaug løyst med glede.

Tilrettelegg: Lesja barnehage har tilrettelagt, slik at alle som ville ha plass dette halvåret har fått det. 

Nyheter

I Lesja barnehage er det til vanleg 52 plassar, men første halvår i 2020 er det altså fleire som har bruk for barnehageplassar. Det er plassar ledige i Lesjaskog barnehage, men kommunen ser at det ikkje er ein ønska situasjon å måtte frakte ungane lange avstandar. Etter ei drøfting med politikarane var det bestemt at talet på barnehageplassar i Lesja midlertidig skulle utvidast.